Børs mot katedral i mediebyen


VERDIAR: Mediebyen Bergen vert ein kampplass der to ulike verdisystem stridast om kva studentane skal gjera og tenkja medan dei er under utdanning. Studentane kjem til å verta dratt mellom økonomiske behov i mediebransjen og intellektuelle, demokratiske verdiar på universitetet, skriv kronikkforfattaren. FOTO: MAD ARKITEKTER
Studentane må tenkja over kvifor dei vil ta ei universitetsbasert medieutdanning. Den praktiske medieutdanninga ved Universitetet i Bergen skal flytta saman med mediebransjen i Media City Bergen frå 2017. Når børs og katedral kjem under same tak, er det lett å tenkja at børsen vil ta mest plass, og at dei akademiske verdiane vert dytta inn i eit hjørne.

Del artikkelen:


Skriven av: Lars Nyre

Publisert: 22.04.2017

Det er i praksis studentane som vel kva verdiar som skal dominera i framtida. Forskarane på universitetet tilbyr teoretisk, sakte og langsiktig tenking, medan folka i mediebransjen tilbyr praktisk, rask og kortsiktig tenking. Eg tilrår dei saktegåande verdiane.

 

Ein kampplass

Mediebyen Bergen vert ein kampplass der to ulike verdisystem stridast om kva studentane skal gjera og tenkja medan dei er under utdanning. Studentane kjem til å verta dratt mellom økonomiske behov i mediebransjen og intellektuelle, demokratiske verdiar på universitetet. Etter studiet kjem studentane til å vidareføra eit sett verdiar som anten er dominerte av mediebransjen eller akademia sin etikk.

Den praktiske opplæringa i medieproduksjon vil truleg vera det som engasjerer studentane mest. Instituttet har tre praktiske utdanningar i film og fjernsyn, journalistikk og nye media, og me har til saman kring 130 studentar no i 2014. Her spesialiserer studentane seg i journalistisk research, script writing, lyddesign, programmering, brukartesting og andre tekniske funksjonar.

Lærer seg tenkjemåtar

Fagfolk frå mediebedriftene gjev rettleiing til studentane, og tek imot studentar i kortare eller lengre praksisopphald. Me har til dømes samarbeid med Bergens Tidende, MobileTech og Nordiske mediedager.

Eg er ikkje åleine om å bekymra meg for korleis det skal gå med universitetets verdiar i møte med det sterke profittmotivet i mediebransjen

Lars Nyre

Professor

Me har til dømes samarbeid med Bergens Tidende, MobileTech og Nordiske mediedager. Denne typen undervisning kjem til å verta mykje meir omfattande når mediebyen vert etablert. Studentane får då dagleg omgang med bransjefolka på kantina og i vrimleareala, så vel som i undervisninga.

Slik lærer studentane seg mediebransjens vere— og tenkjemåtar. Studentane beundrar dei durkdrivne fagfolka med imponerande CVar, stort nettverk og god lønn. Nokre tek etter TV-kjendisens sjarmerande pathos, og andre øver opp gravejournalistens kompromisslause ethos (tenk Erling Borgen).

I 2013 hadde Studvest ei sak der studentar i medievitskap protesterte på at dei tre praktiske gradene (altså film og fjernsyn, journalistikk og nye medier) skal halda til i mediebyen, medan den teoretiske graden medievitskap ikkje skal flytta. «Jeg ser for meg hvor vanskelig det vil bli å få jobb i mediebransjen i Bergen, når studenter på de konkurrerende studiene ligger en mil foran oss. De har mulighet for å drive lobbyvirksomhet for egen fremtid gjennom hele studietiden», seier ein student i medievitskap til Studvest 5. mars 2013.

Det er legitimt å søkja gode posisjonar, og difor er det lurt av studentane å skaffa seg kontaktar, byggja nettverk og gjera seg synlege. Men då kan dei samstundes verta sosialiserte inn i ei haldning som er business-orientert i staden for fellesskapsorientert. Og dette er definitivt ikkje poenget med ei universitetsbasert medieutdanning. Internt blant akademikarar er det semje om at den teoretiske undervisninga er viktigast for studentane si utdanning – for ikkje å seia danning.

Den vitskaplege staben ved vårt institutt har størst kompetanse på dei teoretiske faga medievitskap og informasjonsvitskap. Me vil læra studentane om datamaskinas verkemåte, medienes sjangrar og publikum og tusen andre tema der historiske, kulturelle og tekniske perspektiv inngår. Me vil læra dei å tenkja sjølvstendig, ved å øva opp analytisk grundigheit, ei kritisk haldning til samfunnet og evna til å bruka metodar på ein etterprøvbar måte.

Eg er ikkje åleine om å bekymra meg for korleis det skal gå med universitetets verdiar i møte med det sterke profittmotivet i mediebransjen

Eg er ikkje åleine om å bekymra meg for korleis det skal gå med universitetets verdiar i møte med det sterke profittmotivet i mediebransjen. Journaliststudent Elise Kruse skriv ein kommentar i Studvest 2. april 2014 med tittelen «Bak en storslått fasade». Ho fryktar at journalistikkutdanninga i Bergen kan mista særpreget sitt, nemleg at den ikkje berre er praktisk, men også er ein del av «en stolt, akademisk tradisjon». Kruse framhevar politiske og økonomiske fag som ein spesiell styrke for universitetet.

Skal vere uavhengig

Universitetet skal ikkje arbeida for bransjen, men for dei universelle verdiane som medieverksemdene forvaltar på sin realpolitiske og ikkje så reint lite kyniske måte. Det gjeld ytringsfridom, samfunnsoppdraget til pressa, og forventninga om høg kvalitet på informasjon, opplysning og underhaldning i offentlegheita. Kanskje det kan utviklast nye medieløysingar som fremjar desse verdiane betre i framtida. Akademikarar må vera radikalt opne for nye idear, forfølgja det som ser mest interessant ut, prøva ut det me er nysgjerrige på. Me skal forfølgja eitkvart teikn på god kommunikasjon.

Små, nye verksemder er ofte meir innovative enn store, gamle. Det er ikkje innlysande at Bergens Tidende og NRK lagar den beste offentlegheita i framtida, og hvis ikkje må både universitetet og studentane endra prioritering. Kanskje studentane bør starta sine eigne verksemder, i konkurranse med dei eksisterande?

Studentane skal i fyrste omgang ta del i våre forskingsprosjekt gjennom å laga testproduksjonar; grensesnitt og innhald som me prøver ut på ulike målgrupper. Mediebyen skal ha eit robust IT-nettverk, eit spesialrom for «medielab», og dermed gode vilkår for programmering og avansert brukartesting.

Studentane får god teknologisk undervisning på Infomedia. Staben på instituttet har internasjonalt ry for si praktiske og teoretiske forståing av programmering, databasar og HCI. Våre forskarar er ekspertar på søkeverktøy, datastøtta journalistikk, lyddesign og mobil interaksjonsdesign, for å nemna noko.

Frå elfenbeinstårn til kontrolltårn

Obligatoriske krav er eit sterkt verkemiddel for å styra studentane sitt arbeid mot akademiske verdiar. Dette er universitetets fyrstelinjeforsvar. Me kan krevja innleveringar og eksamensarbeid frå studentane, med vekt på det me oppfattar som viktigast. Dei obligatoriske krava er vanlegvis knytte til dokumentasjon, skildring, eigenrefleksjon og generelt evna til å forklara kva ein gjer, og kvifor.

Når nybygget til Mediebyen står ferdig i 2017, er det nye, flotte kontor i det høgaste tårnet. Etter mitt syn er det symbolsk rett at Universitetet i Bergen disponerer den øvste etasjen, og dannar seg oversyn over heilskapen i medieutviklinga frå denne posisjonen. Då har universitetet flytta frå elfenbeinstårnet til kontrolltårnet, og ikkje frå katedralen til børsen.

Leave a comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *