Om TekLab


TekLab har tre formidlingsføremål

1. Presentera prototypar som er under utvikling i vårt akademiske nettverk.

2. Skriva kritisk og etterretteleg vitskapsjournalistikk om desse prototypane og andre relevante utviklingsprosjekt.

3. Arrangera seminar der forskarar, studentar og gjester presenterer prototypar på nye mediedesign, og diskuterer dei i plenum.

Deltakande personar

LARS NYRE

LARS NYRE

Professor

Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen. 

Professor, nye medier, journalistikk and teknologi.

E-post // Nettside

CAMILLA MJØEN LIEN

CAMILLA MJØEN LIEN

Vitskapsjournalist

Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen.

E-post

ALEKSANDER TONHEIM

ALEKSANDER TONHEIM

Webdesign og systemutviklar

Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen.

Design og teknologiutvikling.

E-post // Nettside

YAN CAI

YAN CAI

Visualisation designer

Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen.

Vienna University of Technology.

E-post

Alumni

INGRID AARSETH JOHANNESSEN

INGRID AARSETH JOHANNESSEN

Tidlegare vitskapsjournalist

Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen.

CHRISTINE MÆLAND

CHRISTINE MÆLAND

Tidlegare vitskapsjournalist

Institutt for informasjons- og medievitenskap, Universitetet i Bergen.

E-post

TekLab er eit akademisk nettverk for teknologiutvikling

 

Mediedesign
TekLab fremjer ein type forsking som forsøker å kombinera medievitskap og informasjonsvitskap, slik at kunstig intelligens og andre avanserte teknologiar kan brukast best mogeleg for offentlegheita. Denne typen forsking kan kallast mediedesign eller kommunikasjonsdesign. Forskarne lagar prototypar på nye medier, og testar dei kvantitativt og kvalitativt saman med ulike brukargrupper for så å publisera funn og tolkingar av materialet. Slik teknologisk orientert medievitskap står på utsida av normalvitskapen, i hvert fall i norsk samanheng. Den står både i kontrast til etablert medievitskap ved ikkje å vera særleg analytisk, og i kontrast til informasjonsvitskap ved berre å dreia seg om medier og kommunikasjon. Mediedesign har større vekt journalistikk og den demokratiske offentlegheita enn informasjonsvitskapen tradisjonelt har pleid å ha, og større vekt på programmering, design og brukartesting enn medievitskapen tradisjonelt har pleid å ha. Mediedesign er avhengig av tverrfaglege team med blant anna humanistar, informasjonsvitarar, økonomar, journalistar, programmerarar, designarar, forretningsutviklar og UX-folk. TekLab sitt fremste mål er å laga ein arena der slike folk kan møtast og verta inspirert til samarbeid om nye prototypar.

Deltakande institusjonar

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen

Institutt for informasjons- og medievitenskap

Det samfunnsvitenskapelige fakultet


Kart

Besøksadresse

Lars Hilles gate 30, 5007 Bergen

Institutt for informasjons -og medievitenskap,

Media City Bergen,

Universitetet i Bergen



Aktør-nettverkteori frå Bruno Latour