Seminar om forsking, innovasjon og teknologi

Loading Events

« All Events

  • This event has passed.

Tor Gjøsæter og Knut Marius Sundt: “Ny Apple TV let alle produsere medieopplevingar for femtitommaren”

September 14, 2016. Tid: 13:15 - 14:30

Foredraget varer i 45 minutt, og deretter vert det 30 minutt med diskusjon og spørsmål. Instituttleiar Leif Ove Larsen er ordstyrar. Bergen Journalism Lab er eit forskingsinitiativ ved Universitetet i Bergen, og vi utforskar det beste frå dei gamle mediene og det beste frå dei nye.

Samandrag
Tor Gjøsæter og Knut Marius Sundt har utvikla ein app for Apple TV på vegne av Mediehuset Sunnhordland. Målet er å nå ut til sofaen hjå folk med videoreportasjane til Sunnhordland. Der folk har tid til å sjå tv, i motsetning til når dei er på farten og har forstyrrande element rundt seg. Etter VG er Sunnhordland den andre avisa i Norge som har eigen app i den nye Apple TV-en. Gjøsæter og Sundt fortel om utviklingsprosessen og viser døme frå appen. Dei fortel også om si verksemd som medie-entreprenørar i Sunnhordland.

Biografi Tor Gjøsæter 

Tor Gjøsæter. Opphavsrett: Tor Gjøsæter.
Tor Gjøsæter. Opphavsrett: Tor Gjøsæter.

Tor Gjøsæter (33) held ein PhD i Informasjonsvitskap ved UiB. Under doktorgraden arbeida han med auka røynd (augmented reality) for nyhetsinnhald på mobile einingar saman med VG. For tida arbeidar han i Bryggen Research med utvikling av wearbles, appar og nettløysingar innan media og telehelse. De siste åra har han også undervist på UiB i utvkling på smartklokker og droner for journalistikk.

Sjå linkedin-profilen til Tor Gjøsæter.

 

Biografi Knut Marius Sundt

Knut Marius Sundt. Opphavsrett: Knut Marius Sundt.
Knut Marius Sundt. Opphavsrett: Knut Marius Sundt.

Knut Marius Sundt (30) besitter en ingeniørgrad i datateknikk fra Høyskolen i Kongsberg og en mastergrad i programvareutvikling fra UiB. Han jobbet flere år i telecom-bransjen i Bergen før han flyttet til Stord, der han nå arbeider ved Business Technology-avdelingen til mediegiganten GroupM. Der jobber han med å utvikle en ny applikasjon som kan modernisere prosessene i en bransje som står ovenfor store teknologiutfordringer. Deler av fritiden går også med til sporadiske prosjekter rundt app-utvikling og lignende.

Sjå linkedin-profilen til Knut Marius Sundt.

Details

Date:
September 14, 2016
Time:
13:15 - 14:30
Event Tags:
, , , , , ,

Venue

Rom 548, 5. etg, Institutt for informasjons- og medievitenskap, Det Samfunnsvitenskapelige fakultet
Fosswinckels gate 6
Bergen, 5007 Norge
Website:
http://www.uib.no/svf

Organizer

TekLab
Email:
aleksander.tonheim@uib.no
Website:
teklab.uib.no